Leksjon 4, Oppgåve 1
Undervegs

SF4a – Fortellekort NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Barn fortel spontant, og slik deler dei sine erfaringar med vaksne og med andre barn. Troll i ord legg opp til at barna skal lære å formidle eit innhald dei har høyrt, og bli gode forteljarar som er glade i å bruke språket.

Målet er at barna skal assosiere eventyr og forteljingar med hyggestunder, og vi har difor valt å utvikle eit variert materiell som barna kan bruke som støtte og inspirasjon når dei skal fortelje, og bruke element frå forteljinga som leiketema.

Aktivitetar

Fortellekorta viser scener frå eventyret. Korta følgjer med språkøskja som trykte kort, og det finns ni fortellekort for kvart eventyr. Under overskrifta «Materiell» vil du også finne ein pdf av fortellekorta som kan skrivast ut.

 

Legg ut det fyrste fortellekortet. Så legg du ut eit nytt kort og trekker barnet med i gjenfortellinga.

Hugsar de kva eventyret handla om?

— Ja, det handla om Stofuglen som bygg reir på fjellet Stetind.

 

Vi legg opp til at barna skal lære å fortelje eventyret. Barn som fortel om noko dei har opplevd eller høyrt, vil sjølve lære om hendinga og utvide forståinga ved å vidarefortelje til andre. Dei får både kognitive, sosiale og språklege erfaringar, og dei lærer seg å ta mottakaren sitt perspektiv. Når barnet skal dele ei hending med andre, må dei fortelje slik at andre forstår, og her spelar sjølvsagt språket ei sentral rolle. Når barna fortel, vil dei oppleve at andre ikkje forstår eller veit det same som dei sjølve gjer, og dei vil oppleve at andre barn og også vaksne kan vere ueinige i det dei seier. Når barn fortel, vil dei få spørsmål som avdekker dette.

 

Tilhøyrarane kan spørje om kvar og når noko skjedde, kven som var til stades og kva som skjedde fyrst og etterpå. Slike spørsmål er vanlege i all samhandling, og spørsmåla vil støtte barna i å forstå at menneske har ulike oppfatningar og erfaringar. I tillegg vil barna lære kva som er forventa av ei forteljing i vestlege kulturar, nemlig at dei har ei innleiing, eit hovudpoeng og ei avslutning.

Å vere i et rom der eventyret vert formidla på ein stor skjerm, skapar ei eiga stemning. Pedagogen kan trekke med barna i formidlinga og avpasse tempoet i visninga av bileta. Fortellekorta kan visast på lerret eller interaktiv tavle.

Det er viktig at den vaksne respekterar barnet sine forteljingar, både eventyr og spontane forteljingar. Sjølv om forteljinga har manglar og svakheiter på fleire punkt bør den vaksne unngå å framheve dette, men tvert imot gi barnet positiv tilbakemelding og styrke lysta barnet har til å fortelje. Der det er uklart kva barnet prøver å seie, bør den vaksne vere positiv hjelp og støtte. Det kan gjerast ved å gi samtalestøtte i form av spørsmål som barnet kan nøye seg med å bekrefte, eller spørsmål som innbyr til meir utfyllande svar.

Åpne aktiviteten

Barna kan sjølve prøve å legge fortellekorta i riktig rekkefølgje og pedagogen kan bruke aktiviteten til å observere kva barna har forstått av eventyret som er blitt formidla.

 

Avhengig av språklege ferdigheiter og alderen på barna kan du bruke alle eller berre dei viktigaste fortellekorta.

Dersom du ikkje har fortellekorta frå Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ane under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida).

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:

  • uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

Personalet skal:

  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål

Rammeplan for barnehagen