Leksjon 4, Oppgåve 2
Undervegs

SF4b – Samtalekort NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Samtalekort er enkeltståande kort med eit spørsmål eller eit problem som skal løysast, gjerne som ein samtale eller som diskusjon i gruppe.

Samtalekorta kan dreie seg om å finne ei løysing på eit dilemma; barna må ta eit val og vege for og imot, dei skal tenke seg ein framtidig situasjon, dei skal forklare eller grunngi – kort sagt dei skal bruke fantasi og fornuft for å komme fram til løysingar.

Å løyse problem er ein aktivitet der barna blir utfordra til å bruke språket til noko meir komplekst enn å berre skildre, gjengi eller gjenfortelje. I samtalen rundt samtalekorta trener barna både språklege og kognitive ferdigheiter. Oppgåva inneber dekontekstualisert språkbruk. Diskusjon i barnegruppa gir også trening i å forhandle: fremje forslag, tilbakevise, gi og ta ordet og lufte løysinga for dei andre. 

Forskarar meiner at ulike boktypar påverkar barnet si tenking på ulike måtar (Torr og Clugston 1999). Sakprosa og faktabøker for barn innbyr til andre samtalar enn eventyr, forteljingar og fantasifulle tekstar. Den vaksne stiller andre typar spørsmål til sakprosa og faktatekstar, og desse spørsmåla er meir kognitivt utfordrande enn spørsmål som vert stilt i høve forteljingstekstar. Dette har vi tatt omsyn til når vi har utvikla samtalekort i Troll i ord. Her får barna språklege og kognitive utfordringar som skil seg frå spørsmål som vanlegvis vert stilt til eventyr og forteljande tekstar.

Aktivitetar

Det finns ni samtalekort til eventyret om Strorfuglen. Under overskrifta «Materiell» vil du også finne ein pdf av samtalekorta som kan skrivast ut.

Ta for deg eitt samtalekort om gongen, og les opp spørsmålet eller dilemmaet på kortet. Du kan supplere med fleire spørsmål eller tilpasse vanskegrada til barnegruppa di. Aktiviteten skal invitere barna til å reflektere, undre seg og stille fleire spørsmål.

Samtalekorta kan også visast på lerret eller interaktiv tavle.

 

Dersom du ikkje har samtalekorta frå Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ane under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida).

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
  • bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål

Rammeplan for barnehagen

 

Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna

  • utforskar og undrar seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål
  • får kjennskap til, forstår og reflekterer over grunnleggjande normer og verdiar
  • får forståing for at det finst mange ulike måtar å forstå ting på og leve saman på
  • utviklar interesse og respekt for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i eit fellesskap

Personalet skal

  • formidle forteljingar og skape rom for barnas opplevingar, samtalar, erfaringar og tankar om religion, livssyn, etikk og eksistensielle tema
  • utforske og undre seg over eksistensielle, etiske, religiøse, livssynsmessige og filosofiske spørsmål saman med barna
  • bidra til å utvikle barnas toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menneske med ulik kulturell, religiøs eller livssynsmessig tilhøyrsle
  • identifisere verdikonfliktar i kvardagen, reflektere over verdiprioriteringar og haldningar og ha eit bevisst forhold til korleis desse kjem til uttrykk i arbeidet med barna

Rammeplan for barnehagen