Leksjon 4, Oppgåve 3
Undervegs

SF4c – Eventyrkarakterar

Leksjonsframdrift
0% fullført

Treklossar med silketrykte og lasergraverte motiv utgjer karakterane frå eventyret. Treklossane er robuste, dei står stødig og er lette å gripe og halde. Karakterane kan til dømes brukast til å dramatisere eventyret.

Aktivitetar

Konkretar som eventyrkarakterar, fotokulisse og rekvisittar følgjer med språkøskja og kan brukast til å gjenforteljing og rolleleik.

 
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
  • bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  • inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar

Rammeplan for barnehagen