Leksjon 4, Oppgåve 5
Undervegs

SF4e – Animasjon NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Gjenfortelje ved å lage animasjon med iPad


Ein animasjon består av ein serie stillbilete som vert spelt av i rask rekkefylgje. For å lage animasjon med iPad kan ein finne appar i App Store til formålet. Vi har brukt appen iStopMotion for å ta bilete, og deretter har vi importert bileta i appen iMovie.

I iMovie kan ein legge lyd og tekst til bileta/animasjonen. Her kan du laste ned ei brukarrettleiing (frå tidlegare IKT-senteret) om korleis du brukar iMovie for å lage animasjonsfilm på iPad: Brukarrettleiing.

Det er viktig at iPaden står heilt stødig når ein tek bilete til bruk i animasjonsfilm. Det finst mange løysingar og ein kan gjerne lage stativ til iPaden sjølv.


 

Aktivitetar

Gjenfortelling av eventyret ved hjelp av eventyrkarakterar, rekvisittar og kulisser kan dokumenterast med animasjonsfilm. Ved å ta stillbilete medan ein flyttar på karakterane og rekvisittane for kvart bilete, kan barna lage animasjonsfilm. Små flytt på karakterane mellom kvar gong ein tek bilete gir jamn og roleg rørsle. Vert karakterane flytta mykje blir rørsla raskare og meir hakkete.

Aktiviteten kan gjerne kombinerast med formingsaktivitetar der barna kan male, teikne eller bygge kulissar av landskapet der handlinga foregår. 

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • har tilgang til ting, rom og materiale som støttar opp om dei leikande og estetiske uttrykksformene
  • bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
  • kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle

Personalet skal

  • motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer
  • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunstog kulturuttrykk frå fortid og samtid
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplan for barnehagen