Leksjon 4, Oppgåve 7
Undervegs

SF4g – Konstruere NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Aktivitetar

Bruk klossane og terningane til å bygge og konstruere. Kan klossane bli til ein bil, ein båt, ein buss eller eit slott?

Gi barna i oppgåve å plassere klossane i rekkefølgje etter storleik, høgde, breidde osb. Kjenn på tyngda på klossane, og legg klossane i rekkefølgje etter kor tunge dei er. Lag mønster og andlet ved hjelp av dei geometriske formene på terningane.

Øv på preposisjonane ved å be barna sette samen oppå Storfuglen, under Storfuglen, bak Storfuglen, ved sida av Storfuglen osb.

Eventuelt kan du bruke brua frå eventyret om dei tre bukkane Bruse og plassere samen eller Storfuglen på, under eller bak brua osb. Du kan også plassere alle klossane ulike stader i forhold til brua, og spørre barna kven som står framfor, oppå, under, bak osb.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna:

  • oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar
  • leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
  • erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene
  • undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • undersøkjer og får erfaring med å løyse matematiske problem og opplever glede ved matematikk

Personalet skal:

  • leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag
  • stimulere og støtte barnas evne til problemløysing og hjelpe dei til å vere uthaldande

Rammeplan for barnehagen