Leksjon 4, Oppgåve 9
Undervegs

SF4i – Song, dans og musikk

Leksjonsframdrift
0% fullført

Aktivitetar

Joik i barnehagen er ein ressurs som er utvikla av «Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen».

Her vil du finne praktiske eksempel på innhald og tips til korleis ein kan gå fram for å lære om «Joik i barnehagen».

Gå til ressursen

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna:

  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre
  • kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle

Personalet skal:

  • motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna

  • blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • blir kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer
  • blir kjende med at samane er Noregs urfolk, og får kjennskap til samisk kultur
  • får kjennskap til nasjonale minoritetar

Personalet skal

  • introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt
  • gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng
  • gjere barna kjende med samisk kultur og levesett og knyte det samiske perspektivet til merkedagar og kvardagsliv, kunst og kultur og mattradisjonar

Rammeplan for barnehagen