Leksjon 4, Oppgåve 10
Undervegs

SF4j – Puppet Pals NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Til denne aktiviteten treng du appen Puppet Pals HD Director’s Pass frå App Store. Dette er ein betalingsapp. Med appen kan barna på ein enkel måte jobbe med gjenfortelling og lage eigne eventyrfilmar. Film krev ein del lagringsplass, så pass på at det er nok plass på iPaden til å lagre filmane.

Under kan ein laste ned ferdige illustrasjonar i form av eventyrkarakterar, rekvisittar og kulissebakgrunnar. Når barna er kjende med framgangsmåten kan dei også lage eigne illustrasjonar til bruk i filmane dei lagar.

Aktivitetar

Last ned appen Puppet Pals app frå App Store.

Under overskrifta «Materiell», øverst på sida, vil du finne nedlastbare biletfiler av eventyrkarakterar, rekvisittar og kulisser. Desse kan du laste ned og laste opp att i PuppetPals-appen.

Opne Puppet Pals og trykk Press to Start

Vel eventyrkarakterar og rekvisittar ved å trykke Add Actor from Photo. Du får berre hente opp eitt bilete om gongen (vent med kulissebiletet).

Når du har lagt til alle karakterane og rekvisittane merkar du dei du vil bruke i eventyrfilmen som skal lagast. Du kan velgje maks 8 bilete (valte bilete blir grønne).

Trykk next i nedre høgre hjørne. No skal du velgje kulisser ved å trykke Add Backdrop from Photo på same måte som med karakterane. Du kan velgje maks 5 kulisser.

No kan du starte opptak av eventyret. Området som vil vise i filmen er firkanten som er dekka av kulissa som er valt. I nedre venstre hjørne kan du zoome inn og ut slik at du ser karakterane utanfor filmrådet, eller du zoomar inn for å jobbe på filmområdet.

Når du trykker på den raude record-knappen i øvre kant startar opptaket. Du kan når som helst pause opptaket. Det kan vere greit at den vaksne styrer opptak og pause, iallefall i starten. Før de gjer opptak avtalar de sekvensen som skal lagast og kva som skal seiast, så bygg de scenar og gjer opptak av sekvensen som avtalt. Deretter pausar de opptaket og gjentek same prosedyre for neste sekvens i handlinga. La gjerne barna styre handlingen uten å korrigere. Når barna ser og høyrer sin eigen film får dei gjerne idear til korleis dei kan gjere neste opptak enno betre.

Fortel eventyret (lyden vert tatt opp via innebygd mikrofon i iPad) samstundes som du rører karakterar og rekvisittar innafor opptaksområdet.

For å byte kulisse trykker du på dei gule duskane i øvre høgre hjørne. Kvar dusk viser ei kulisse. Ser du fem duskar vil det seie at du har haka av for fem kulisser som du kan velgje mellom i løpet av opptaket.

Trykk på play for å sjå filmen de har laga.

Trykk på export for å lagre filmen i biletrullen på iPad, derifrå kan du sende filmen med epost eller anna (filmen blir ofte for stor til å kunne sendast i heil lengde med epost)

Når barna kjenner framgangsmåten for å lage film kan aktiviteten gjerne kombinerast med formingsaktivitetar der barna kan male eller teikne eigne karakterar og rekvisittar. Barna kan også formgi landskapet der handlinga foregår, eller dei kan leite etter motiv i naturen og ta bilete med kamera eller iPad. Teikningar og foto hentar ein inn i biletbiblioteket på iPad, og lastar dei deretter opp i Puppet Pals. Barna kan også lage sine eigne karakterar ved å fargelegge eventyrkarakterane i fargeleggings-aktiviteten.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme

Rammeplan for barnehagen

 

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede 
  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk

Personalet skal

  • motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen