Leksjon 4, Oppgåve 11
Undervegs

SF4k – MyMemo NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Til denne aktiviteten treng du appen MyMemo frå App Store. Dette er ein betalingsapp, men med familieabonnement kan ein bruke same appen på fem nettbrett. Med appen kan barna på ein enkel måte jobbe med lotto og kategorisering.

Aktivitetar

Last ned appen MyMemo app frå App Store.

Under overskrifta «Materiell», øverst på sida, vil du finne nedlastbare biletfiler av eventyrkarakterar, rekvisittar og kulisser. Desse kan du laste ned og laste opp att i MyMemo-appen.

Opne MyMemo og trykk på + oppe til høgre. No får du to val:
 
1. Ønsker du at barnet skal finne to like bilete, trykker du på knappen til venstre.
2. Ønsker du at barnet skal finne to ulike bilete som høyrer samean, som f.eks. ku og kalv og høne og kylling trykker du på knappen til høgre.
 
Trykk på + for å legge til bilete
 
 
Eit panel med fire val vises. Trykk på Kamerarull til venstre for å laste opp eit bilete frå telefonen/nettbrettet, vel Kamera for å ta eit bilete med telefonen/nettbrettet eller TT symbolet dersom du ønsker å ha tekst på kortet i staden for eit bilete.
 
 
 
Når du har valt eit bilete, kan du justere storleiken og plasseringa på biletet. Trykk på Haka til høgre når du er ferdig. Ønsker du å starte på nytt, trykker du på Tilbake-knappen til venstre.
 
Når biletet er klart kan du legge til lyd. Trykk på Mikrofonen til høgre for å starte automatisk opptak og Stopp-knappen når du er ferdig. Opptaket vil stoppe automatisk etter 10 sekund. Trykk Play for å høyre innspelinga og Haka til høgre dersom du ønsker å bruke lydopptaket. Du kan slette innspelinga ved å trykke på Tilbake-knappen. 
 
Dersom du ikkje ønsker å ha lyd på kortet velgjer du Mikrofonen med strek over.
 

Tips: Du kan fjerne, endre eller legge til lyd på eit kort ved å trykke på Pennen. Denne finn du oppe til høgre på opningssida. Trykk på spelet du ønsker å redigere, og vidare på kortet du ønsker å jobbe med. Spel inn ønska lyd ved å trykke på Mikrofonen og slett lyd ved å trykke på Søppelspannet.

 
 
Du har laga ditt fyrste kort. Repeter prosessen for resten av korta og trykk Haka oppe i venstre hjørne for å lagre spelet. Ønsker du å slette heile spelet trykker du på Søppelspannet nede til venstre.
 
Tips: Du må ha minst tre kort for å lage eit spel som inneheld seks kort, fire kort for å lage eit spel med åtte kort og slik forsetter det. 
 
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme

Rammeplan for barnehagen

 

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede 
  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk

Personalet skal

  • motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen