Leksjon 4, Oppgåve 12
Undervegs

SF4l – Book Creator NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Til denne aktiviteten treng du appen Book Creator frå App Store. Dette er ein betalingsapp, men med familieabonnement kan ein bruke same appen på fem nettbrett. Med appen kan barna på ein enkel måte lage eigne digitale bøker.

Aktivitetar

Last ned appen Book Creator app frå App Store.

Under overskrifta «Materiell», nederst på sida, vil du finne nedlastbare biletfiler av eventyrkarakterar, rekvisittar og kulisser. Desse kan du laste ned og laste opp att i BookCreator-appen.

Opne Book Creator og trykk på New Book oppe til venstre. Vel formatet du ønsker på boka.

Vel eventyrkarakterar, rekvisittar og bilete ved å trykke på + oppe til høgre. Trykk på Photos. Når du kjem inn i biletmappa di, kan du velgje det bilete du vil ha. Når bilete er komme inn, justerer du det slik at det passar på sida. 

Du kan legge inn video på same måte som bilete.  

Trykk på + oppe til høgre, vel T Add text. Skriv inn ønska tekst og juster storleiken ved å trykke på I oppe til høgre. Under I velgjer du storleik, skrifttype, farge m.m.

Du kan lage hyperlenker ved å markere ordet eller setningen du vil lenke opp. Vel Link i menylinja over teksten. Skriv inn URL-adressa og du har laga eo hyperlenke.

Trykk på + oppe til høgre, og vel Add sound. Ta opp lyd ved å trykke på den raude knappen og les inn teksten. Når du er ferdig trykker du ein gong til og svarer Yes. Det kjem ein knapp med eit høgtalersymbol og du kan flytte den dit den passar på sida. Du startar avspelinga ved å dobbeltklikke på ikonet.  

Dersom du ikkje er nøgd med innspelinga fjernar du den ved å markere ikonet og trykke på I. Nederst står det no Delete. Trykk der og innspelinga er sletta.

Trykk på ein tom plass på sida. Trykk deretter på I og vel fargen du ønsker sida skal ha.

Når boka er ferdig kan den lagrast i My Books, skrivast ut eller delast med andre. Gå til My Books oppe til venstre, trykk på firkanten med pil ut og vel Eksport as ePub. Så velgjer du Open in. No får du opp ei liste over program som kan opne boka di. Du kan velgje iBooks og leggje boka i bokhylla. Når den er overført opnar den seg. Du kan no bla i den, spele av lyden og sjå videoane direkte i boka.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre
  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme

Rammeplan for barnehagen

 

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede 
  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk

Personalet skal

  • motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og la dei få utvikle varierte uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen