Leksjon 3, Oppgåve 1
Undervegs

SF3a – Førebu formidlinga

Leksjonsframdrift
0% fullført

I eventyr møter barnet eit ordforråd som er forskjellig frå daglegtalen, og slik får det moglegheit til å støte på nye ord i ein spanande kontekst. Når barnet møter eventyr, møter dei også faste strukturar, og desse vil dei etterkvart kjenne igjen og kunne ta i bruk i eigne forteljingar. Ei anna viktig effekt av å møte eventyr og forteljingar er at barnet får trening i å fylgje med på tekstar av ei viss lengde. Det gir dei trening i å halde på den raude tråden og å skape meining ut frå språket.

Med utgangspunkt i eventyret om dei tre bukkane Bruse viser vi korleis ein kan førebu seg før ein skal fortelje eventyr til barn.

Les langsamt gjennom eventyret og merk deg ord og setningar som kan bety noko for deg, som gjev deg indre bilete, idear og assosiasjonar. Ord og utrykk som du likar og som du har merka deg, vil hjelpe deg til å hugse forteljinga og bringe vidare til barna.

Når eventyret er lest på ny og du har funne ut at det rører deg og kva som rører deg, må du finne fram til hovudhandlinga i eventyret.
Les gjennom eventyret ein gong til og finn hovedstrukturen og episodeinndelinga.

Dei fleste eventyr fylgjer ein grunnstruktur med fylgjande episodar:

1. Ei byrjing:

Det var ein gong tre bukkar…

Ei igongsettande handling: som skulle til setra for å gjere seg feite, og alle tre så heitte dei Bukkane Bruse. På vegen var det ei bru over ein foss som dei skulle over (bruk stemma di for å vekke interesse/gjere barna forvitne)

Forsøk på realisering: og under denne budde det eit stort, fælt troll med augo som tinntallerknar og nase så lang som eit riveskaft (bruk stemma di og gjengi kor stort og fælt eit troll kan vere)

2. Konsekvens:

først gjekk den minste bukken Bruse og skulle over brua.
– Kven er det som trippar på mi bru? (høg og tydeleg stemmebruk)
– Å det er den minste bukken Bruse. Eg skal til setra og gjere meg feit! sa bukken; han var så fin i målet (snakk fort med låg og skjelvande stemme)
– No kjem eg og tek deg! ropar trollet (stemma tilsvarer roping)

3. Reaksjon:

den minste bukken Bruse blir redd
– Å nei, ikkje ta meg, for eg er så liten eg. Vent litt så kjem den mellomste bukken Bruse; han er mykje større! (bukken skjelv i stema)
– Ja nok! sa trollet. Det samme skjer med den mellomste bukken Bruse (men varierer stemmebruken, slik at den er eitt hakk kraftigare enn for den minste bukken)

4. Slutt:

så kjem den store bukken Bruse.
TRIPP TRAPP, TIRIPP TRAPP, sa det i brua. Den var så tung at brua både knaka og braka under den.
– Kven er det som trampar på min bru? skreik trollet.
– Det er den store bukken Bruse, sa bukken den var grov i målet.
– NO KJEM EG OG TEK DEG! skreik trollet.
– Ja, kom du….
– Og snipp snapp snute, så var eventyret ute!

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre

Personalet skal

  • synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne- og uteromma i barnehagen
  • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunstog kulturuttrykk frå fortid og samtid
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplan for barnehagen