Leksjon 3, Oppgåve 2
Undervegs

SF3b – Formidle eventyret

Leksjonsframdrift
0% fullført

God forteljeteknikk gjer deg truverdig og overbevisande for tilhøyrarane. Forteljeteknikk er ikkje nødvendigvis ei enkel sak. Skal du få tilhøyrarane/barna til å engasjere seg i det du fortel, bør du vite korleis du bygg opp ei historie og kva element som bør vere med.

Når ein arbeider med eventyr for barn, vil konkretiseringsmateriell vere til stor hjelp for å skape forståing og til å hugse handlinga. Vi rår difor å ta i bruk konkretane frå eventyrøskja når eventyret skal formidlast til barnegruppa.


Aktivitetar

Alle kan fortelje – men ein treng trening!

Du kan vidareutvikle forteljarevna di ved å sjekke punkta under og finne ut kva du treng å øve meir på:

 

For å bli ein god forteljar:

• må du studere innhaldet i forteljinga grundig
• må du sjå forteljingane som indre bilete. Du må leve deg inn og vere på innsida av forteljinga
• kan du bruke undertonar medvite og nytte kjensleregisteret for å skape nyfikenheit hos tilhøyrarane
• kan du bruke variert stemmeleie og variere verkemidla
• tek du deg tid og bruker pausar
• bruker du mimikk og kroppsrørsle i takt med forteljinga
• har du augekontakt med tilhøyrarane for å trekke dei inn i forteljinga
• må du tilpasse språket ditt ut frå kven tilhøyrarane er
• kan du sjekke kva barna forstår av innhaldet undervegs ved å la dei fylle ut enkeltord og hendingar. Dette må gjerast på ein inviterande måte utan at det verker som kontroll
• kan du lage ei innleiing til forteljinga som vekker interesse

 

Barnehagekvardagen gjev mange moglegheiter for å formidle forteljingar. For å øve på å bli gode forteljarar kan ein bruke desse høva aktivt (stellebordet, påkledningssituasjonar, turar, når du trøyster barn, under måltid ol.) og fortelje historiar ein sjølv likar å fortelje.

 

Å fortelje eventyr kan vere like enkelt som å fortelje praksisforteljingar frå barnehagekvardagen. Lær nokre metodar for korleis teksten kan bli ein del av deg utan at du lærer den utanat. Du tilegnar deg forteljinga ved hjelp strukturen på forteljinga, episodar, bilete og kjenslemessig innhald seier Aud Berggraf Sæbø (2003).

 

Bruk andletsuttrykk/mimikk i tråd med kjenslene dei ulike karakterane gir deg når du formidler eventyret.

Når du skal formidle eventyret og bruke klossar for å gjere det enklare å forstå, kan du gjere dette ved å bruke teksten på to måtar: Du kan bruke den opprinnelege teksten slik du finn den i eventyrheftet eller digitalt, eller du kan forenkle teksten.
Du kan forenkle eventyret ved å gjere det om til dramatisk tekst, det vil seie å snakke som om du er aktøren.

Bruk klossane og snakk som Storfuglen, samen osb. All tale bør vere i notid (presens). Dette blir ein form for teater og dramatisk leik, der handlinga er gitt av eventyret.

Bruk gjerne eksemplet under frå eventyret om Guten som gjekk til Nordavinden for å kreve tilbake mjølet som inspirasjon og bygge vidare på det:

Guten: Hei. Eg er gutten.

Mora: Hei, eg er mammaen.

Guten: Åh, eg er så svolten! Kva skal vi ete?

Mora: Vi har ikkje noe mat. Men vi kan lage graut. Då må du gå ut på stabburet og hente mjøl.

Guten: Greit! (Flytt guten «ut»). Åh, det bles! (Lag blåselyd.) (Ordkortet med illustrasjon av stabburet kan ligge på bordet, eller du kan bruke ei øskje som stabbur, og flytte guten «inn» i stabburet.) No hentar eg mjøl til grauten! No blir mammaen min glad. Eg er så svolten, nam nam, det skal bli godt med mat!

Nordavinden: Sh sh sh (Flytt Nordavinden over guten.)

Guten: Å nei! No vart alt mjølet blåst bort! Kva vil mamma seie?

Mora: Kvar er mjølet?

Guten: Nordavinden blåste så fælt, så alt mjølet for sin veg!

Mora: Uff og uff. Stakkars oss. Du må gå ut på stabburet og sjå om det er noko mjøl att.

Slik kan du fortsette. Lag enkle setningar/replikkar som figurane seier. Flytt figurane hit og dit, og ta i bruk anna materiell dersom du vil konkretisere meir enn det du finn i eventyrøskja, til dømes skogen (greiner fra tre, lyng, mose, blader),  foss (tøystykke som heng ned frå stol/bord (der trollet skal bli dytta utfor)), setra (ei øskja, gjerne dekorert med vindauge og dør med gras utafor), osb.

Du kan også bruke kulissene/scenene frå eventyret, og blåse dei opp med videokanon eller på interaktiv tavle.

 

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre

Personalet skal

  • synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne- og uteromma i barnehagen
  • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunst og kulturuttrykk frå fortid og samtid
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplan for barnehagen