Leksjon 3, Oppgåve 3
Undervegs

SF3c – Fleire språk

Leksjonsframdrift
0% fullført

Barn med andre morsmål kan få høyre eventyret på morsmålet sitt før det vert formidla på undervisningsspråket (majoritetsspråket) i stor gruppe.

Andre barn kan også med fordel delta i aktiviteten for å bygge kunnskap om språkskilnadar og likskapar. Korleis er det å møte eit ukjent språk? Kan vi lære ordet på fleire språk, på Eric sitt språk? Ei slik tilnærming kan bidra til å verdsette morsmåla som finst i barnegruppa, og barn som manglar ferdigheiter på majoritetsspråket får moglegheiten til å vise ferdigheiter gjennom morsmålet sitt.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer

Rammeplanen

 

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre

Personalet skal

  • synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne- og uteromma i barnehagen
  • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunst og kulturuttrykk frå fortid og samtid
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplanen