Leksjon 3, Oppgåve 4
Undervegs

SF3d – Gjenta formidlinga

Leksjonsframdrift
0% fullført

Å formidle eit eventyr slik at barna forstår og har glede av dei ulike sidene ved innhaldet, vil kreve at du arbeider med eventyret over tid. Ei god formidling tek tid.

 

Etter at eventyret har blitt formidla minst ein gong, frå start til slutt utan avbrot i narrativen, bør formidlinga gjentakast fleire gongar. Ved gjentaking kan ein gjerne ta små avstikkarar for å trene på spesifikke ferdigheiter. Avstikkarane kan variere for kvar gjennomgang av eventyret.


 

Aktivitetar

Når du formidlar eventyret andre gong, kan du ha ein pose med andre konkretar for å gjere formidlinga variert og komme inn på nye omgrep.

Eventyret om Storfuglen har lulesamisk opphav. Her får ein høyre om norges nasjonalfjell Stetind og sagnet om Storfuglen som bygg eit kjempereir av båtar og tømmerstokkar på toppen av Stetind. Kva andre gjenstandar bruker Storfuglen til å bygge kjempereiret sitt?

I posen har du samla gjenstandar, som til dømes eit gjerde, bilar, hus m.m. La barna få trekke gjenstandane frå posen og saman kan de bygge reiret til Storfuglen medan de snakkar om kva gjenstandane heiter, korleis dei ser ut og kva dei vert brukt til.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer
  • opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Personalet skal

  • synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer
  • bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer

Rammeplanen

 

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre

Personalet skal

  • synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne- og uteromma i barnehagen
  • gi barna høve til å bli kjende med eit mangfald av tradisjonar og kunst og kulturuttrykk frå fortid og samtid
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplanen