Leksjon 2, Oppgåve 1
Undervegs

SF2a – Tyding

Leksjonsframdrift
0% fullført

Her er det kunnskap om kva vi gjer med tingen, og kvar vi finn den som er viktig. Eit eple et vi, og vi finn det i hagen eller i butikken. Ein bil køyrer vi med, og vi finn den på vegen.

 

Spørsmål som trener tyding


Kva er dette?
Veit du kva det heiter?
Kva gjer vi med dette?
Kvar finn vi dette?
Har du sånt heime, i barnehagen?
Kva slags ting er dette?
Kva kallar vi denne type ting?

Aktivitetar

Her skal ein finne ordet som fortellestemma spør etter.

Her skal ein finne eventyrkarakteren som fortellestemma spør etter.

Dersom du ikkje har ordkorta frå Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ane under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida).
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord

Personalet skal

  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
  • inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar

Rammeplanen