Leksjon 2, Oppgåve 2
Undervegs

SF2b – Kategorisering NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Her er det kunnskap om å ordne, sortere og kategorisere som er viktig.

Spørsmål som gir trening i å samanlikne, klassifisere, ordne og sortere.


Er det mat?
Er det køyretøy?
Er det møblar?
Er det klede?
Er det leiker?
osb.

Dersom det er ein aktivitet, kva kallar vi slike aktivitetar?

Aktiviteter

Etter å ha jobba med tydinga av ordet, kan ein utvide forståinga ved å definere kva kategoriar og overomgrep ordet høyrer inn under.

For å trene på likskap og kategorisering kan du leggje tre eller fleire ord i rader. Alle orda utanom eitt skal høyre saman. 

Be barna ta bort kortet som ikkje høyrer til. 

Tren på likskapar, legg ut 10-20 ordkort med biletsida opp. Nokon av ordkorta skal høyre saman.

La barna velgje ut to bilete som høyrer saman. Be dei fortelje kvifor. Du kan gjerne vise dei framgongsmåten.

Ordkorta kan også brukast til memory. Legg ut to og to like kort, så mange som passar barnegruppa. 2-4 barn spelar sammen. Å finne to like gjev poeng. Korta kan bli liggjande med biletsida opp, eller spelaren kan ta dei ut og bruke dei som eitt poeng.

Gå til aktivitet

Ordkorta kan brukast til å trene omgreper som øvst/den øvste, nederst/den nederste og i midten/den midterste. Rekker med ord kan leggast, til dømes slik at det ligg to dyr i ei rekke, og eitt dyr i ei anna.

Rekker eller grupper med ordkort kan også brukast til å trene flest og mest. Legg ut rekker med ord i same kategori. Legg ut kort som kan vise til lett/lettast, tung/tyngst, kort/kortast, lang/lengst, mange/mest, få/færre.

Ordkorta kan brukast til setningskonstruksjon. Vel ut kort som skapar ein setning, til dømes: eitt ord som skal vere subjekt (f.eks samen, Storfuglen eller sauen), eitt ord som skal vere objekt (f.eks fjell, reir, tjern eller kjele).

Deretter finn du på verbet, eller hjelper barnet til å bestemme verb.

Dersom du ikkje har ordkorta frå Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ane under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida).
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord

Personalet skal

  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
  • inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar

Rammeplanen