Leksjon 2, Oppgåve 3
Undervegs

SF2c – Fonologisk medvit

Leksjonsframdrift
0% fullført

I arbeid med orda kan du endre perspektiv til fonologisk medvit.

Spørsmål som trener fonologisk medvit


Kor mange klapp har ordet?
Er det eit kort eller eit langt ord?
Kva lyd kjem fyrst i ordet?
Kva lyd byrjar ordet med?
Er det fleire ord som byrjar på same lyd?
Kva rimer ordet på?

Aktiviteter

Stavingar er grunnleggande element i språket. Ei staving kan definerast som ein del av talespråket som utgjer eitt enkelt rytmisk slag. Eit ord kan ha ei eller fleire stavingar.

Ved å klappe stavinga samtidig som omgrepet på ordkortet blir sagt høgt endrar ein perspektivet til fonologisk medvit. Varier gjerne med å hoppe, trampe, slå i bordet, eller bruke rytmeinstrument.

Ei vanskelegare oppgåve kan vere å snakke om lengda eller talet på stavingar i orda. «Tind» er eit kort ord med ei staving, medan «samen» er eit lengre ord med to stavingar. Ordet «Storfuglen» er lengst av dei tre. Det har tre stavingar.

Dersom du ikke har ordkortene fra Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ene under overskriften «Materiell» (se toppen av siden).
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord

Personalet skal

  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
  • inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar

Rammeplanen