Leksjon 2, Oppgåve 4
Undervegs

SF2d – Mengde, rom og form

Leksjonsframdrift
0% fullført

Ordkorta kan nyttast til å trene på omgrep som uttrykker mengde, rom og form.

Spørsmål som trener mengde, rom og form.


Kva er tyngst?
Kva er lettast?
Er den tyngre enn …?
Kva er lengst?
Kva er kortast?
Er den lengre enn …?

Aktivitetar

Du spør:
Kva er tyngst?

Kva er lettast?

Er x tyngre enn y?

Du spør:
Kva er høgast?

Kva er lågast?

Er x høgare enn y?

Du spør:
Kva er lengst?

Kva er kortast?

Er x lengre enn y?

Dersom du ikkje har ordkorta frå Troll i ord kan du laste ned og skrive ut pdf-ane under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida).
 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord

Personalet skal

  • invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål
  • oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme
  • inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar

Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

  • leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
  • erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene
  • undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar

Personalet skal

  • gjere barna meir nysgjerrige og styrkje matematikkgleda og interessa for matematiske samanhengar med utgangspunkt i uttrykksformene til barna
  • leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag

Rammeplanen