Leksjon 1 of 4
Undervegs

Introduksjon N

Vi vil starte med å seie noko om viktigheiten av konkretar i kommunikasjon med barn, og særleg i kommunikasjon med barn med andre morsmål enn majoritetsspråket/undervisningsspråket. Konkretar er også ein viktig metode i foreldresamarbeidet.

Videoen under er laga av: Synnøve Tjølsen og Sissel Rasmussen-Moe, med personalet i Barnely barnehage.


Observasjon

Før ein går i gong med verktøya og aktivitetane i Troll i ord – språkverkty må pedagogen gjere seg tankar om barna i barnegruppa; kva språklege erfaringar og ferdigheiter har dei. Kor gamle er barna? Kva ferdigheiter har dei på undervisningsspråket, og korleis er ferdigheitene på morsmålet/-a?

Les gjerne Margareth Sandvik sine refleksjonar rundt bruk av kartlegging i barnehagen.