Leksjon 4, Oppgåve 7
Undervegs

B4g – Konstruere NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Aktivitetar

Bruk klossane og terningane til å bygge og konstruere. Kan klossane bli til ein bil, ein båt, ein buss eller eit slott?

Gi barna i oppgåve å plassere klossane i rekkefølgje etter storleik, høgde, breidde osb. Kjenn på tyngda på klossane, og legg klossane i rekkefølgje etter kor tunge dei er. Lag mønster og andlet ved hjelp av dei geometriske formene på terningane.

Øv på preposisjonane ved å be barna sette den minste bukken oppå brua, under brua, bak brua, ved sida av brua osb. Du kan også plassere alle klossane ulike stadar i forhold til brua, og spørre barna kven som står framfor, oppå, under, bak osb.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna:

  • oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar
  • leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
  • erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene
  • undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • undersøkjer og får erfaring med å løyse matematiske problem og opplever glede ved matematikk

Personalet skal:

  • leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag
  • stimulere og støtte barnas evne til problemløysing og hjelpe dei til å vere uthaldande

Rammeplan for barnehagen