Oversikt og navigasjon

Troll i ord - språkverktøy

Troll-i-ord-serien består per i dag av sju ulike eventyr. Fire eventyr har nordisk opphav; «Dei tre bukkane Bruse», «Guten og Nordavinden», det nordsamiske eventyret om «Stallo» og det sørsamiske eventyret «Undervannslandet». I tillegg består serien av eit eventyr med vietnamesisk opphav; «Påfuglen og ramnen», eit eventyr med somalisk opphav; «Krokodilla og reven», og eit eventyr med polsk opphav; «Skomakaren Dratewka». Fleire eventyr med ulik vanskegrad gir fleire identifikasjonsmoglegheiter for fleire barn, og større val- og variasjons-moglegheiter for pedagogen. Ved å bli kjent med ulike eventyr vert også eventyret som sjanger etablert for barna.

Troll-i-ord gir den vaksne moglegheit til å arbeide systematisk med ulike vanskegrader i kommunikasjonen med barn. Konkrete gjenstandar, biletkort og anna visuell støtte skaper ein  kommunikasjon der det ein snakkar om er til stades i den felles fysiske konteksten. Motsatt gjer fråver av konkretar og bilete at kommunikasjonen utelukkande er avhengig av det verbalspråklege. Utan eventyrkarakterar og rekvisittar blir språkbruksituasjonen meir komplisert.

Fortellestemmer på mange språk gjør at barn kan bruke morsmålet – både for å lære andrespråket

og for å bekrefte og styrke identitet og flerkulturell tilhørighet. Det er også peika på samanhengen mellom språkstimulering i førskulealder og leseferdigheiter i skulealder (Bakken 2007). Dette gjeld stimulering av både morsmålet og andrespråket. Troll i ord bygg på denne forskninga. Vi ser det som viktig at dei fleirspråklege barna får møte eventyr på fleire språk slik at dei får utvikla både reseptive og produktive ferdigheiter, og at dei får utvida ordforråd og begrepsforståing. Dessutan vil dei einspråklege barna profittere på eit miljø der fleire språk er synlege, i og med at den metaspråklege kompetansen vert styrka.

Språkverktøyet Troll i ord er utgitt med støtte fra Utdanningsdirektoratet, Innovasjon Norge, Sametinget, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Skattefunn (administrert av Norsk Forskningsråd).

Flerkulturelt perspektiv: Troll i ord representerer spreiing i kultur og innhald for å oppnå variasjon i både miljø og ordstoff.

Eventyr i språkstimulering: Studier viser at fortellingar spelar ei viktig rolle for barn si kunnskapsutvikling på fleire område (Shapiro m.fl. 1997). Barnet sitt lese- og formidlingsmiljø har ein tydeleg effekt på barnet si leseevne i skulen, og lesing, fortelling og samtale har stor betydning for barna sine fortelleferdigheiter i skulen (Taube 1996, De Temple og Tabors 1996). I systematisk arbeid med biletbøker og eventyr ser ein positive språklege effektar av å fortelje for fleirspråklege barn (Sandvik og Spurkland 2009). Eventyr er basert på munnleg forteljartradisjon og er ein eigna sjanger for språkstimulering. Tekststrukturen er enkel, og dermed meir tilgjengeleg for målgruppa.

Eventyra er godt eigna til å dikte vidare på og gir inspirasjon til rolleleik. Eventyra gir borna ei felles referanseramme og leiketema på tvers av språk, kjønn, nivå og aldersgrupper. I eventyr møter barnet eit ordforråd som er ulikt fra daglegtalen, og slik får det molegheit til å støte på nye ord i ein spanande kontekst. Når barnet møter eventyr, møter dei også faste strukturar, og desse vil dei kjenne att og sjølv ta i bruk. Ein annan viktig effekt av å møte eventyr og forteljingar er at barnet får trening i å følgje med på tekstar av ei viss lengde. Det gir dei trening i å halde på den raude tråden og å skape meining ut fra språket. At barna får møte same eventyr, at dei forstår og kan forhalde seg aktive til innhaldet, har den gevinst at dette eventyret gir ei felles referanseramme. Dei kan bruke denne tematikken i samtaler og i lek.