Leksjon 4, Oppgåve 6
Undervegs

K4f – Ekskursjon NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Aktivitetar

Kvar bur reven? Ta barna med på tur til skogen eller på fjellet. Leik at de er reven, krokodilla og dei andre dyra. Leik at de skal feire bryllup i skogen.

Gjer gjerne opptak av dramatiseringa. Det gjer det enkelt å vise opptaket etterpå og snakke om opplevinga. 

Kva foregår i eit bryllaup? Har nokon av barna vore i byllaup? Kva har ein på seg, og kva gjer ein i ulike kulturar?

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna

  • utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
  • blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • blir kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer

Personalet skal

  • introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt
  • gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna

  • får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • får kunnskap om dyr og dyreliv

Personalet skal

  • leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna

  • opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt
  • vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar

Personalet skal

  • vere aktive og nærverande, støtte og utfordre barna til variert kroppsleg leik og anerkjenne barnets meistring
  • gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet
  • kjenne og praktisere nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggjande tiltak som gjeld barn

Rammeplan for barnehagen