Leksjon 4, Oppgåve 4
Undervegs

N4d – Tilleggstema NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Eventyrøskja inneheld terningar i tre med silketrykte og lasergraverte motiv. Tema for terningane er henta frå eventyret. Terningane skapar grunnlag for samtale og problemløysing, og dei kan stimulere tal- og mengdeforståing. Dei trenar også visuell persepsjon og siktar mot gjenkjenning av elementa frå eventyret. Terningane kan også brukast saman med figurane i fri leik.

Aktivitetar

Eventyret om Nordavinden har tolv terningar med motiv som bokstavar og geometriske former i forskjellige farger. Ved hjelp av terningane får barna møte alle dei små og store bokstavane i det norske alfabetet. Samle alle terningane fra eventyret om Nordavinden i den raude tøyposen, og ta fram brettet frå språkøskja.

La barna trekke ein og ein terning og snakk om dei små bokstavane, dei store bokstavane og formene på terningane.

Er det nokon som veit kva bokstaven heiter? La barna plassere terningen på same bokstav på brettet.

La barna trekke ein og ein terning frå posen og tel terningane.

 

Kor mange har vi no?

 

Ta vekk ein terning, og spør barna kor mange terningar som er på bordet no?

 

Kan barna bygge to terninger oppå hverandre? Kan dei bygge tre terningar oppå kvarandre? osb…

Samle alle klossane frå eventyret om Nordavinden i posen. La barna trekke ein og ein kloss og sett dei på bordet etterkvart.

 

Spør om klossen er større eller mindre enn den forrige. Kva kloss er størst/minst? Sett klossane i rekkefølgje etter storleik.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna:

  • leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
  • erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene
  • undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • undersøkjer og får erfaring med å løyse matematiske problem og opplever glede ved matematikk

Personalet skal:

  • bruke matematiske omgrep reflektert og aktivt i kvardagen 
  • gjere barna meir nysgjerrige og styrkje matematikkgleda og interessa for matematiske samanhengar med utgangspunkt i uttrykksformene til barna
  • leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag

Rammeplan for barnehagen