Leksjon 4, Oppgåve 6
Undervegs

SF4f – Ekskursjon NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

Fotograf: Frode Jenssen

Aktiviteter

Kvar ligg Stetind, klarer vi å finne det på kartet? Korleis ser fjellet ut på bilete? 

Veit vi noko anna om dette fjellet, og kvar kan vi leite for å finne ut meir?

Kva husdyr kjenner vi, kvar bur dei og kva et dei?

Finns det ein stad der de kan besøke nokon av desse dyra?

Viss ikkje kan de leite opp filmar om husdyr på nettet og ajå om de finn svar på kvar dei bur og kva de likar å ete.

Finn ein rekvisitt som kan vere «fjellet» som «Storfuglen» kan falle ned frå. Barna får utdelt roller. Kven skal vere bonden som utgir seg for å vere ein sau? Og kven skal vere Storfuglen? Dramatiser eventyret.

Ta video av dramatiseringa. Digitale verktøy gjer det enkelt å vise filmen etterpå og snakke om opplevinga. Digital skjerm kan fungere som dagsrapport.

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna

  • utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt
  • blir kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • blir kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer
  • blir kjende med at samane er Noregs urfolk, og får kjennskap til samisk kultur
  • får kjennskap til nasjonale minoritetar

Personalet skal

  • introdusere barna for personar, stader og samfunnsinstitusjonar i nærmiljøet for å skape tilhøyrsle og hjelpe barna med å orientere seg og ferdast trygt
  • gi barna forståing for at samfunnet er i endring, og at dei er ein del av ein historisk, notidig og framtidig samanheng
  • gjere barna kjende med samisk kultur og levesett og knyte det samiske perspektivet til merkedagar og kvardagsliv, kunst og kultur og mattradisjonar

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna

  • får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • får kunnskap om dyr og dyreliv

Personalet skal

  • leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
  • synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen saman med barna

Rammeplan for barnehagen

Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna

  • opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt
  • vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
  • opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar
  • får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid

Personalet skal

  • vere aktive og nærverande, støtte og utfordre barna til variert kroppsleg leik og anerkjenne barnets meistring
  • gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet
  • kjenne og praktisere nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggjande tiltak som gjeld barn

Rammeplan for barnehagen