Leksjon 4, Oppgåve 8
Undervegs

SF4h – Farge og form NN

Leksjonsframdrift
0% fullført

I Troll i ord er det mange måtar å arbeide med farge og form på.

Aktivitetar

Under overskrifta «Materiell» (sjå toppen av sida) vil du finne du konturtegningar av eventyrkarakterane som du kan laste ned og skrive ut.

 

Barna kan lage sine eigne eventyrkarakterar som dei kan bruke til å lage film i appen Puppet Pals.

Ta bilete av barna sine eventyrkarakterar og last dei opp til iPaden som har Puppet Pals-appen installert.

Filmen under viser korleis du hentar inn og tilpassar eventyrkarakteren i Puppet Pals. Gå til oppgåve 4j for å sjå korleis du lagar film i Puppet Pals.

Legge eventyrkarakterane til i PuppetPals

 

Kva seier Rammeplanen?

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

  • bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
  • får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
  • bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
  • kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle

Personalet skal

  • gi rom for, støtte og styrkje barnas bearbeiding av møte med kunst og kultur
  • bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa

Rammeplan for barnehagen